Storvollen
Lappedrap på Bjøllåneset og i Hjartåsen 1739

| 1-50 | 51- 95 | 96-147 |

Gnr-71

| A-D | E-H | I-L | M-R | S-Å |

Historie Brukere Bilder Rettelse av bok Kontaktsperson

Historie

Storvollen ligg på ei vid flate ved Storelva, 162 m o. h., på sørsida av elva, der ho renn aust-vest, beint imot garden Bjøllåneset. Folk seier Storvollen, på S., dei nærmaste grannane seier berre Vollen.

Grensa i sørvest mot Loppheia er skildra der; grensa i aust mot Hjartåsen er Hjartås-Massing-åga. I nord og vest er Storelva og i sør er fjellet grense. Grenseforlik med Loppheia 1821.

«Stoervolden» vart rydda i 1753 av ein mann som frå 1746 hadde vori brukar på Bjøllåneset og då hadde brukt S. til utenge. ) Eitt bruk til 1792, sidan to jamstore bruk til 1923, då eit småbruk vart utskilt frå bnr. 2 (Austbakken, bnr. 5). Bruka vert vanleg nemnde etter brukarane. Noko statsskog vart utskilt frå kvart av bruka i 1919. Lite drift på hovudbruka dei siste åra (1961)

Tuna ligg 20-30 m frå elva og 20-30 m frå kvarandre, innmarka ligg stort sett på flatene ved elva. Det er terrassar i ulike høgder, ein er 1-2 m høgare enn den tuna ligg på, ein annan noko lågare. Før jordskiftet 23/7 1866-4/9 1867 ) hadde kvart bruk 7-8 innmarkteigar og mange av teigane var svært lange og uregelrette; dertil var det to hopteigar. Innmarka ligg no samla til kvart bruk. Sommarfjøsar frå ikring 1920; før grindgjekk dei.

Utmarka. Utengar oppe i lia, på kvar sin kant, med 2-3 utenglader kvar. Engane er no beite, men er inngjerde. Sams hamnegang i bumarka. Ikkje barskog. Skogen er delt.

Kvernar i Massingåga og Brattbakkbekken. Ikkje i 1774 og 1803.

Jordvidde og husdyr no: Berre bnr. 5: l mål åker, 22 1/2 mål dyrka eng, 10 mål skog, l hest, 1-2 kyr.

 Matrikkelgarden Storvollen, gnr. 71.

Skyldsett 23. juli 1756 for 6 mark; matr.nr. 277; «synes icke at være tungvunden»; «i kaalde aar vil sæden fryse, det ligger under fieldet; intet tømmer at bygge af, som med tilladelse maa hugges i Hiertaasens skoug.» «Begynder ved Laphejen i s. o. til Joen Larsen stenen op i fieldet paa nedre og vestre side» (J. L. må vere han som rydda Loppheia). - 1803: «Udsat meget for frost; fornøden skov til brænde», ikkje tømmer; kan saaes 4, avles 12 tønner korn, naar frosten ey giør skade, som næsten skeer aarlig». - 1838: M.nr. 217, l.nr. 374 a-b. skyld: l dal l ort 20 sk. - 186S: 30 mål åker, «temmelig» tørr sandjord, 500 mål godt england; god og tilstrekkelig hamnegang; lettbrukt, frostlendt; ikkje nok skog. - 1885: 200 mål innmark, verd 400 kr.; 1800 mål prod. skog, verd 180 kr.; 250 mål uprod. skog; husa verd 370 kr. Utsett for frost. Kunne seljast. - 1891: Gnr. 71, 4,88 skyldmark. -

Buskap og utsæd (i tønner).

 

Hestar

Storfe

Sauer

Geiter

Rug

Bygg

Havre

Potete

1756

1

6-7

10-12

 

1

 

 

1803

?

14

?

?

 

4

 

 

1845

2

12

24

7

0

4

0

4

1865

2

16

21

1

0

0

8

1885

2

18

16

(ikkje oppgitt)

Buskap og utsæd på bruka i 1865.

 

Hestar

Storfe

Sauer

Geiter

Bygg

Poteter

Bnr. l

1

9

10

0

2

3

Bnr. 2

1

7

11

1

5

Folketal.

 

Husbondsfolk

Kårfolk

Tenarar

Innerstar

1801

12

1

0

3

1865

12

3

4

0

 

Lappedrap på Bjøllåneset og i Hjartåsen 1739

Hausten 1739 vart to lappar og ei lappgjente drepne av Mikkel Olsa Bjøllånes og Jens Anderssa Hjartåsen. Dei tre lappane var ein ung mann Lars Anderssa, far hans, ein eldre mann Anders Larssa og gjenta Siri Larsdtr. Lars Anderssa, som kalla seg Per Mortensa, skulle vere dømd ved under- og overretten til kakstryking og arbeid i Akershus festning. Eit bygderykte vinteren 1739/40 sa at dei skulle vere drepne på ein rydningsplass i Rana, og etter orde frå amtmannen 2. februar 1740 vart dei etterspurde på vårtinget 16. mai 1740, og 18. september s. å. vart Mikkel Olsa og Jens Anderssa stemnde til tings.
Dei tre lappane kom gjennom Rana frå Vefsn etter olsoktid og kom opp i Dunderlandsdalen sist i skurdonna. Dei heldt seg mest i skogen og levde av kroter som dei skaut, der dei kom til. Per Mortensa (Lars Anderssa) kom til Mikkel Olsa på Bjøllåneset og fekk nokre matvarer, som han skulle betale seinare. Sju veker etter kom han att i lag med Anders Larssa og Siri Larsd., som kalla seg Margrete Mogensd. I mellomtida hadde Mikkel fått melding frå bygda om at Per Mortensa og gjenta hadde gjort tjuveri o. a. gale. Dette sa Mikkel til dei, men dei svara lite og ikkje på det. Per bad om brennevin, som Mikkel gav han litt av, etter å ha nekta lenge. Lappane var der om natta, men Per drog vekk i løynd og kom att neste morgon, etter å ha stoli matvarer i uthusa til Mikkel. Om morgonen bad lappane Mikkel bli med ut og då såg det ut som den gamle lappen ville stikke han ned med ein tollekniv han tok fram frå kofta, men kona til Mikkel vart var det i tide. Mikkel bad dei gå og ikkje kome att. Dei bad om fløtt over elva, og etter at Mikkel sjølv hadde nekta vart dei skyssa av ein liten dreng. Lappane kom med mange trugsmål og kona til Mikkel vart så redd dei skulle kome att og overfalle dei, at Mikkel sende bod til Dunderlandet, der nærmaste grannane nedafor budde. Fem mann kom opp, men ein av dei, Mikkel Gregsa, måtte heim att dagen etter. Dei andre fire, Hans Anderssa, Fordel Anderssa, Lars Israelsa og Jens Olsa vart der nokre dagar og arbeidde då på ein mølledam som Mikkel skulle lage til (i Hjartås-Massingåga). Per Mortensa kom att og kona varsla Mikkel, som var ved dammen. Han kom heim og dei gav han ei brennevinsskål og ein dalar som betaling for maten dei hadde fått. Mikkel skulle så vege opp ein mjølkost til Per Mortensa og i ein ordstrid som då oppstod slo Mikkel til Per i hovudet med jarnbismaren, så Per fall død om. Då mennene kom heim la dei lappen i vedskottet og dagen etter grov dei han ned i marka. To av mennene gjekk så til Jens Anderssa i Hjartåsen, i tilfelle dei andre lappane skulle kome og overfalle han om natta. Neste dag kom lappane til Jens, etter at Dundelandsmennene var gått til dammen. Anders Larssa hadde ei bøsse og gjenta eit bjørnspjut; dei kom bort til Jens, som stod utanfor fjøsen og hogg på ein stokk til eit golv, meda bror hans, Nils, som hadde legi sjuk lenge og enda ikkje kunne gå med eiga hjelp, sat attmed. Dei spurde etter Per Mortensa, men då Jens sa han ikkje visste kvar han var, spende lappen bøssa og sette pipa for brystet på Jens, og sa til gjenta: «Her er berre ein mann». Jens som stod med øksa i handa vart då redd og slo til lappen i hovudet med øksehammaren, så han seig død om med ein gong. Gjenta drog då slira av spjutet og ville stikke Jens attanfrå, men Nils ropte til han og Jens snudde seg då og slo henne med øksa, så ho og fall død ned. Jens sende bod til Mikkel Olsa og dei andre, som grov ned lappane i Hjartåsmarka. Jens var ikkje med, «saasom han efter sin forøvede gjerning var meget bedrøvet». Dei leita så etter godset til lappane, som dei fann ei mil frå Bjøllåneset. Mikkel tok vare på det til våren. På spørsmål om kvifor dei ikkje meldte drapet før våren, svara dei at Mikkel var sjuk lenge om vinteren og Jens hadde heile stellet av folk og fe aleine, for både broren Nils og konene til begge brørne var sjuke, og elles var det vanskeleg å kome ned i bygda «formedelst den haarde vinter». Etter fleire lange forhør av dei som var med og ymse andre vitne vart Mikkel Olsa og Jens Anderssa ved ekstrarett på Torget 8. september 1741 dømde til å misse hovudet og byet deira skulle tilfalle krona. Dei vart arresterte på Bjørns ledingsberg 4. juli 1740 og sat i arrest til 21. mars 1743, då dei slapp heim i påska. Etter at saka var anka til overretten (lagtinget) 24. april 1742 vart det nye vitneavhøringar i mai same året og ved lagtingsdom 26. august 1743 heitte det: «De ihjelslagne 3 finlapper bør som skogrøvere og stimend ligge paa deres gjerninger og de tiltalte aldeles fri at være.»