Granlia,  Staktartjønndalen, Kaldvatnet,
Kvitsteindalen, Lappsetan, «Kinnerkeis»

| 1-50 | 51- 95 | 96-147 |

Gnr-57

| A-D | E-H | I-L | M-R | S-Å |

Historie
Brukere
Bilder
Rettelse av bok
Kontaktsperson

Historie

Slaktartjøndalen / Kaldvatnet / Kvisteindalen / Lappsetran / Kinnerkeis

Granlia

Granlia ligg om lag midt i Grønfjelldalen, på sørvestsida av elva litt nedanfor Snasen og oml. 250 meter over havet. Granlia er øvste garden i denne dalen som har noko nemnande granskog. Før i tida var det furuskog lenger oppe. Namnet er Granlia (gran'lia). Før oftast skrivi "Granlien" no mest "Granli" både som gards- og slektsnamn.

Grenser i nordvest mot Rabben (sjå der). Fjellryggen er grense i sørvest og Grønfjellåga i nordaust. Søraustgrensen mot Fagerjorda har det vori strid om før i tida, særleg om Trettsletta, der den første Granlimannen slo. Grensen vart siste gong fastsett i 1826 og går no midt over Trettsletta.

Garden vart rydda i 1757 og var udelt til 1930-40-åra, då det vart utskilt to småbruk, Bruk nr 2 Furumo og bruk 3. Bruk nr 2 er nedlagt og gått så man med Bruk nr l; det er berre skog. Det skal ha budd ein lapp (same) på Kotabakkhåjen før Jon Olsen si tid, men om det var før eller etter Hans Jonsen rydda garden er ukjent. Tunet stod først på ein haug nordvest for der det er no, men brønnen gjekk tørr der. Så flytta dei ned til ei kjelde; der heiter det no Gammalstuflata. No har dei flytt nærmare bekken. Lita drift på Bruk nr l-2 først i 1960-åra.

Innmarka. Kalkgrunnen gjer at heimjorda er full av knausar og smårabbar med jordlappar i mellom. Det er såleis ei mengd små teigar, mange på under 1/2 mål. Det skal vere over 50 gamle åkrar, som hadde eigne namn. Mange av namna er i bruk enno: Bekkåkern, Bursbergåkern, Brattliflata, Gammalbakken, Gammalstuflata, Granåkern, Hagabakkstranda, Jordbærflata, Jordbærrompa, Kleivåkern (kløyver seg i øvre enden),
Kotabakkhøla, med armen Kroken, Kålrabilandet, Langtunga, Langåkern, Litlåkern, Migmauren (mi'mæurn; smal på midten), Moråkern, Mosteråkern, Myra, Nordavindsåkern, Nordåkern, Nylandet, Olderknausen, Røningen, Smiåkern, Stallbakken, Steinsletta,
Storbergåkern og Stuttermserken (med to armar).

Kvern hadde visst ikkje Granlia før Johannes Eliasen sette opp ei i Granliforsen i elva (Grønfjellåga). Då Johannes kjørte tømmer til kvernhuset og ein isbrytar ovanfor det velta lass og hest ein gong utfor elvlia og ned til forsen. Johannes sprang heim og la seg med skinnfellen over hovudet, men sønene fekk opp hesten, som merkeleg nok var uskadd. Sag kom det først i 1904, då Johan Thomassen bygde oppgangssag; i 1919 bygde han sirkelsag i elva. Seinare har han og sønene bygt kraftverk i elva. Dei driv saga elektrisk og skaffar lys til seg og Snasen. I gamle dagar bygde dei båtar her, men tømmeret laut sagast i Kvanndalen og dei ferdige båtane vart kjørt på skaren over Langfjellet ned til Plurneset i Storelva. Bru over elva her var det ikkje før Johan Thomassen sette opp hengebro i 1906. Johannes Eliassen bygde storbåtar. Tomas Persen bygde båtar i stua; han budde sjølv på eine sida og ein lappfamilie på den andre. Når båtane skulle ut tok han ut glaset og noko av veggen under og la båten på kant. I seinare tid har Granlikarane drivi mykje heimeindustri; det er særleg møblar dei har laga.

Jordvidde og husdyr no: Bnr l-2: l mål potetåker, 20 mål dyrka og 20 mål nat.eng, 850 mål skog, 3 kyr, l sau og l gris. Bruk nr 3: 1/2 mål potetåker, 17 1/2 mål dyrka og 13 mål nat.eng, 600 mål skog, l hest, 3 kyr, l sau og 5 høns.

Matrikkelgarden Granlia, Gnr 57.

Skyldsett 24/9 1781 for 6 mark fisk; gl. Matrikkelen nr 288. Var "ikke meget frostkiendt". Det vart 3-4 fold i gode år og med skogen kunne garden føde l hest, 7 kyr og 15-16 småfe. 3 mil sjøveg, "besværlig af bløde myrer, samt over bierg og field og til sidst at fare Elven ungefæhr 3/4 mil". 1803: Fjellgard, skog til husbruk, men ikkje til sal, kunne føde 6 "creaturer" og så 1 1/2 tønne korn. 1838:Matrikkelen nr 203, løpenr 357, skyld 2 ort 11 skill. 1863: 7 mål åker, sandmold, små og spreidde åkrar, "til dels bjergfuld", 300 mål "temmelig" godt england, frostlendt
og snøfast, god hamnegang, bjørkebork til hjelpefor. Ikkje "fullstendig" nok skog til husbruk. 1885: 150 mål innmark, verdsett til 180 kr, 1700 mål produktiv skog, 255 kr, 300 mål uprod skogmark, hUsa verd 200 kr Utsett for frost. Skog berre til husbruk. 1891: Gnr 56, skyld 1,75 mark.

Buskap og utsæd (i tønner).
          Hestar Storfe Sauer Geiter Bygg Poteter
1781   1         5-6   10-12  1       1/2
1845   1         8       16       0       1        1/2
1865   1         4       6         1       1        1
1885   1         8       7         (ikkje oppgitt)

Folketal.

        Husbondsfolk Haldsfolk Tenestefolk Innerstar
1801   6                   0               0               0
1865   5                   1               0               2

Eigarar.

Granlia var rydningsgods (sjå for eldre tid s. 149) som Jacob Coldevin selde til staten i 1888; då var garden med skog taksert til 635 kr. Det heile vart selt til brukaren i 1902 for 700 kr. Berre nokre få gardar av rydningsgodset var selde før.


Slaktartjønndalen
Topp

Rydningsplassen Slaktartjønndalen låg i dalen med sen me namnet, ein bratt liten sidedal på sør-vestsida av Grønfjelldalen, opp mot Kaldfjellet og Kaldvatnet, 500-600 meter over havet. Plassen låg sør for Rundhaugen, i allmenningen i utkanten av utmarkene til denne garden og Østerdal. Namnet kjem truleg av at det har vori reinslakting ved Slaktartjønna (slak'tarkjønna) øvst i dalen."

Plassen vart truleg rydda ikring 1850 og nedlagt i 1890-åra. Husa: Det var jordgolv i halve stua. Fjøsen var ei jordgamme, torvtekt reisverk, Jord og buskap: Ingen åker. Dei hadde vanleg eit par kyr og nokre sauer; i 1865: 2 kyr, 5 sen uer og l geit; i 1875: 3 kyr, 9 sauer og 10 reinsdyr.

Folketal 1865: 3.

Slaktartjønndalen har aldri vori særskilt skyldsett. Plassen er aldri opprekna under rydningsgodset og det er uvisst om brukarane betalte noka festeavgift.

Kaldvatnet
Topp

Rydningsplassen Kaldvatnet ligg aust for Litl-Kaldvatnet, vel 8 km søraust for Østerdal i Grønfjelldalen, vel 560 m o.h. Nanmet Kaldvatnet (utt.kall'vatne) tyder vel "det kalde vatnet". Nordvest for S-kaldvatnet har vi Kaldfjellet. Oftast skrivi "Kalvatne" el. "Kalvatnet".

Kaldvatnet har aldri vori særskilt skyldsett, men er ein del av N-Rana allmenning. Ingen faste grenser for bruksretten, men plassen nytta området kring L-Kaldvatnet, særleg på aust- og nord-
austsida.

Plassen vart rydda ikring 1820; lenge før den tid budde lappar i stroket, men dei levde nok berre av rein, jakt og fiske, og dreiv ikkje jordbruk. Det var for det meste eitt bruk, men i 1830-åra var det to og til dels tre brukarar og i 1840-åra vart det rydda eit nytt bruk ved Sætra, om lag 2 km nord for sjølve Kaldvassgarden, men det var nedlagt før 1865. Sidan 1941 har det ikkje vori gardsdrift i Kaldvatnet. Fra flytta då.

Tun og hus.
Husa stod litt ovanfor der Heinbergelva renn ut i L-Kaldvatnet. No (1948) står berre stasstua att. Kvar dei andre brukarane hadde husa sine i 1830-åra er ukjent. Ved Sætra er husa borte for lenge sidan.

Innmark og slåttland.
Det er skralt med åkerland, i slik høgd. Det har aldri vori anna enn nokre potetåkerflekker, og det var ikkje kvart år dei fekk etande poteter. Her var slåttland nok, særleg var det vide myrslåttar og bra beitemark, men det var vanskeleg med høylader, så dei sette høyet i stakkar. Lauvskog vas det til brensel og næver, men ikkje barskog. Dei første hUSA her var av
bjerk.

Det var eit hardt strev for tilværet her oppe i fjellet, med lang og tung veg til bygda. 6. januar 1845 gjekk det så ille at tre gutar frå Storvollenget fraus i hel på vegen heim herifra. Dei var brør til Elen Davidsd som var gift i Kaldvatnet. Folka her dreiv mykje jakt og fiske; dei hadde notbruk i vatnet. Ofte hadde dei tamrein og.

Matrikkelgarden Kaldvatnet.
Kaldvatnet er ein part av N-Rana allmenling og er aldri blitt skyldsett særskilt. 4. november 1827 var 10 mann frå Grønfjelldalen ved "L-Kaldvatnet" og fann at her kunne bli land både til "ager og engeland, men fornemmelig agerland sen mt beite".

Buskap og utsæd (i tønner).

Hestar Storfe Småfe Rein Bygg Poteter
1845
1865 1 3 0 4 0 1
1885 1 6 6 ? (ikkje oppg.)

Folketal 1865: 7 (husbondsfolk, men husbonden i fengsel).

Eigarar.
Kaldvatnet ligg i N-Rana allmenning, ein del av rydningsgodset, som Jacob Coldevin seide til staten i 1888. (Sjå s. 149.) Brukarane var bygselmenn, seinare forpaktarar (festarar).

Kvitsteindalen
Topp

Rydningsplassen Kvitsteindalen (kvifstæindam, kvi'stendam) låg i den vide, flate fjelldalen med sen me namnet, på austsida av Litl-Umelva, om lag 3 km sør for Kaldvassgarden og 570 meter over havet. Dalbotnen er mykje myrlendt. Det var ikkje åker, berre slått og beite. Plassen vart rydda i 1840-åra og nedlagt em gong uti 1890-åra. Seinare ingen fastbuande folk her. Stua er oppbrend.

Kvitsteindalen ligg i N-Rana allmenning,som Jacob Coldevin seide til staten i 1888. Har ifckje vori særskilt skyldsett.

Buskap: 1865: 3 kyr, 4 sauer og 4 rein. Ingen utsæd. 1885: 2 kyr, 3 sauer.

Folketal 1865: 5 (husbondsfolk).

Lappsetan
Topp

Rydningsplassen Lappsetan ligg på fjellet øvst i Grønnfjelldalen om lag midt i den høge, litt trange dalen mellom Kaldvatnet og sjølve Grønfjelldalen, bortimot 4 km frå garden Østerdal og om lag 550 meter over havet.

Navnet Lappsetan (lapp'setan) (b. form fleirtal av eit lappsete) kjem av det er mange gamle lappkotastøe her (minst sju). Det har vori skrivi "Lappsætet", "Lapsædet", "Lapsæteren" og ein gong (1889) "Finsædet", men folk i bygda har sen gt Lappsetan. I eldre tid var reinsen mane (-lappane) mykje her. I Tempelhåjen søraust for L.,nær Langtjønna, skal dei ha gravi ned ein skatt. Ein mann såg ei bomme med pengar der, men fann henne ikkje att.

Plassen vart rydda i 1830, var i bruk til 1911,låg så øyde og vart delvis nytta til slått av folk nede i dalen til 1947, då det kom fastbuande folk att, fram til 1950. Sidan nedlagt. Det var eitt bruk.

Innmarka:
 Jorda er raud. Det veks seint, men frys ikkje svært tidleg om hausten. Det er for høgt til at dei kunne drive noko åkerbruk. Dei dreiv mest med fedrift, men jakt og fiske gav mykje attåt. Skog er det lite av, berre noko bjørk.

Lappsetan er ein del av Nord-Rana allmenning,som Jacob Coldevin seide til staten i 1888 (sjå s.149). Har aldri vore særskilt Skyldsett.

Buskap og utsæd: 1865: l hest, 6 kyr, 7 sen uer, 3 geiter, utsæd Ve tønne bygg og '/4 tønne poteter.
1885: l hest, 3 kyr, 3 sen uer. Utsæd ikkje oppgitt.


Folketal 1865: 5, av dei 3 husbondsfolk og 2 innerstar.

"Kinnerkeis"
Topp

På midten av 1700-talet finn vi ofte namnet "Kinderkeis" i futerekneskapar, tingbøker og andre offisielle kjelder. Første gongen er visst i 1725, då "Kinderkeisfjeld" er oppført etter "Furrehejen" men utan brukamamn. Ved skyldsettinga i august
1736 er det nemnt "et Rydningsland kaldet Kinderkeis", der tre mann hadde rydda plassen ne "Furrehejen", "Biørbechmoen" og "Østerdahl". Då har dei altså rekna med at K. femnde om heile det flate området øvst i Grønfjelldalen. I 1750-60-åra finn vi derimot "Kinder Kies eller Forrehejen", så då ser det ut til å ha vori namn berre på Rundhaugen.

Men etter bygdetradisjonen heilt fram til vår tid var det garden Østerdal som var Kinnerkeis (kjin'nerkjæis). Namnet skulle kome av at folket der "kinna og kjæst (= ysta) så mykje", men det er nok nyare folkeetymologi. Folk seier at Kinderkeis eller Keisen ren (kjæis'arn) var det gamle samiske namnet på Østerdalsknabben, men etter J. Qvigstad) heiter han på sen misk Gitnarcohkka. At Gitnar i norsk-samisk uttale har vorti til "Kinder-" eller "Kinner-" er rimeleg, men "-keis" må truleg kome av -gaise, som blir nytta om somme fjelltoppar i strøket her. Etter Qvigstad er Gitnar-vajja det sen miske namnet på Østerdal (en) det går ikkje fram om det gjeld garden Østerdal eller dalen her.

Professor i sen misk, dr. Asbjørn Nesheim opplyser at det rette sen miske namnet på fjellet truleg er Gitnargaise, og han meiner det er sen mansett av norsk kinn, f, bergside, bratt li, i genitiv kinnar, og samisk gaise fjell. Nordmennene har kanskje sen gt Kinnarfjellet, og seinare, ved påverking av det samiske namnet, Kinnerkeis.