Reinhagalia  Akersvatnet

| 1-50 | 51- 95 | 96-147 |

Gnr-10

| A-D | E-H | I-L | M-R | S-Å |

Historie Brukere Bilder Rettelse av bok Kontaktsperson

 

Historie

Akersvatnet

Reinhagalia, som er øvste særskilt matrikulerte garden i Dalsgrenda, ligg på nordsida av Dalselva

oml. 400 m o. h., 12 km frå sjøen og 1,5 km frå nærmaste grannegarden, Bjerkmoen. Tunet og inn-

marka ligg på ein låg haug i lia, 300-400 m frå elva, på sand- og grusjord. For høgt til korndyrking. Lang og tung sjøveg til Øverdal; før i tida drog dei mykj.e over fjellet til Vatnadalen.

Namnet er Reinhagalia (ræin'hagalia) el. Lien (li'en) (i dativ); dei seier aust eller opp på R. el. Lien. Her har vel vori ein reinhage el. reingard, der dei samla reinen om hausten, når dei skulle skille ut sytingsreinen til bøndene og slaktereinen. Skrivi «Reinhaglien», «Reinhagelien» og «Reinhagalien», nyare delvis «Reinhagli». Heile gardsområdet er over 6500 dekar, men berre oml. 600 mål er innmark og gardsskog.

Grensa i vest mot Bjerkmoen går litt vest for R., ned til Dalselva, som er grense i sør. Mot allmenningen i aust og nordaust har aldri vori grenseoppgang.

R. vart truleg rydda frå 1739, då det vart gitt ryddeløyve 15. april det året. Skyldsett 1756. Alltid eitt bruk.

Kvern er aldri nemnd på R. Skogen er berre bjørk. Godt høve til jakt og fiske.

Jordvidde og husdyr i dag: l-2 mål åker, 50 mål dyrka eng, 500 mål bjørkeskog, l hest, 2-3 kyr og 2-3 sauer.

Matrikkelgarden Reinhagalia, gnr. 10.

Skyldsett 17. juli 1756 for 6 mark fisk; matr.nr. 250. 1756: «Jordmalmen til deels fedagtig, til deels rød, deels sort». Akerlandet hauget og bakket. Sjøvegen «ei meere end l miil, men ond og besværlig». Kunne føde 7-8 klauvnaut, 16-18 småfe, men ingen hest. Kunne så l tønne korn, men det «kan ey i vaade aar komme til maturitet (mogning). da stedet ligger tet under fieldet». Skog til brennefang og hustømmer, bjørk og fure.  1803: Fjellgard, ringe. 1838: Matr.nr. 156, Inr. 298, skyld: l ort 23 sk. 1865: 2 mål åker, vassjuk grusjord, 150 mål dårleg england, god hamnegang. Frostlendt og «meget snefast»; «Kornet modnes nesten aldrig»; ein dårleg fjellgard. For lite skog. Kunne avle 60 lass høy. 188S: l hest, 5 kyr, 7 småfe; skog berre til husbruk. 1891: Gnr. 10, skyld: 0,44 skyldmark.

Buskap og utsæd (i tønner).

 

Hestar

Storfe

Sauer

Geiter

Bygg

Poteter

1845

1

5

6

3

½

½

1865

1

5

0

0

0

1

 

Folketal.

 

Husbondsfolk

Kårfolk

Tenestefolk

Innerstfolk

1801

3 (1 fosterbarn)

1

2

0

1865

4

0

0

0

 

Eigarar.

Reinhagalia vart rydda i allmenningen og var ein del av rydningsgodset (sjå s. 149), som. Jacob Coldevin seide til staten i 1888. Brukaren er forpaktar for levetida.

 

Akersvatnet

Rydningsplassen Akersvatnet ligg på nordsida av Stor-Akersvatnet, nest største innsjøen i NordRana, oml. 520 m o. h. og 50 m over vatnet, på ein høg bakke opp frå Aven, ein smal ave eller poll som går 1400 m inn mot aust her. Plassen ligg mest l mil frå Reinhagalia og 2 mil frå sjøen. Den gamle vegen til bygda gjekk over Koparfjellet, då elvdalen ned til Reinhagalia ikkje var farande. Namn etter vatnet, Akersvatnet (ak'ersvatne), i A.

Plassen er ikkje god. Poteter veks i vanlege år. Beitet er bra. Bjørkeskog. Framifrå fiske- og jaktstrok. Folk i bygda, særieg i Dalsgrenda fer ofte på fisketur hit. Før bruka folket i Dalsgrenda å løype naever kring Næverbekken, 3-4 km vest for plassen. Ingen visse grenser for plassen. 300-400 dekar blir brukt til plassen.

Akersvatnet (skrivi slik i 1814) er rydda litt etter 1800 av lappen (samen) Sivert Anderssa. Men det er nemnt lappar i A. heilt frå 1730-åra. I 1801 var det tre lappfamiliar i «Akersvand», men dei dreiv nok ikkje vanleg jordbruk. Om ein står det at han levde av reinsdyr og ein dreiv «skindberedning». Ikring 1830 var det 3 brukaren i A., elles alltid berre ein. Plassen var nedlagt frå 1893 til sist i 1930-åra.

Jordvidde og buskap i dag: Vi mål åker, 10-11 mål dyrka og 12 mål nat.eng, 300 mål bjørkeskog, l hest, 2-3 kyr, l geit og nokre høns.

A. ligg i Nord-Rana allmenning, gnr. 147, bnr. l, og har aldri vori særskilt skyldsett, men var i 1818 taksert for 10 rd, som svarte til 6 mark fisk i skyld. Frå 1948 er A. tomt nr. l av gnr. 147, bnr. l.

 

Buskap og utsæd (i tønner).

 

Hestar

Storfe

Sauer

Geiter

Bygg

Poteter

1845

1

5

8

0

¼

¼

1885

1

4

4

--

--

 

Eigarar.

Akersvatnet ligg i Nord-Rana allmenning, som med rydningsgodset (sjå s. 149) vart selt til staten i 1888 av Jacob Coldevin. Sidan har brukarane vori forpaktarar. Dalsgrend-væringane hadde sauebeite på ein holme i Akersvatnet. Staten ville ha 5 kr. i årsavgift. Det vart sak, der heradsretten i dom 10/9 1959 nekta Dalsgrenda sauealslag rett til sauehamning og annan bruk i Nord-Rana allmenning, men 5 bruk på Øverdal og 2 på Kjelddal skulle ha fiskerett i Akersvatnet, men ingen annan bruksrett i allmenningen. Lagmannsretten gav i dom 22/9 1959 gav dei nemnde 7 bruka og Bjerkmoen og to bruk på Stien almenningsrett til jakt, fangst og fiske i heile området mellom Dalsgrenda i vest, Sør-Rana grense i sør, svenskegrensa i aust og Svenskvegen i nord, men Skamdalen og ein annan brukar på Øverdal fekk ikkje slik rett, og to hytter i allmenningen skulle rivast. Ved høgsterettsdom 30/3 1962 vart ingen dalsgrendværingar tilkjent nokon bruksrett i allmenningen og ingen fekk ha hytter der, avdi g.nr. 147 b.nr. l Nord-Rana allmenning i lang tid hadde vori som ein privat eigedom, utan allmenningsrettar for nokon.