Bjerkmoen (Storbjerkmoen)

| 1-50 | 51- 95 | 96-147 |

Gnr-09

| A-D | E-H | I-L | M-R | S-Å |

Historie Brukere Bilder Rettelse av bok Kontaktsperson

 

Historie

Bjerkmoen ligg på ein liten mo eller langsmal haug 311 m o. h. og 400 m sør for Labekkea i Dalselva; oml. 9,5 km frå sjøen i luftline. Mykje bjørkeskog omkring garden.

Namnet er Bjerkmoen (bjær'moen), på B. I matriklane vanl. skrivi Storbjerkmoen, truleg til skilnad frå Litlbjerkmoen, ein engteig på gnr. 80 Strandjorda i Dunderlandsdalen, som ei tid på 1700-talet var oppførd i matriklane. Men bygdefolk seier berre Bjerkmoen.  Skrivi Bjerkmo som slektsnamn.

Grensa i vest mot gnr. 7 bnr. 2 Tverråmarka er Auster Tverråga, i nord Akersvasselva-Dalselva, så nær som eit stykke beint nord for garden, der han har mark på nordsida av elva 6g. Om grensa

 her mot gnr. 8 Hølbekkmoen sjå der (fastsett 1779). I aust går marka til Akersvatnet på sørsida av elva og til bortimot Reinhagalia på nordsida. I sør går grensa mot allmenningen oppå Bjerkmofjellet. Grensefon-etning m. Hølbekkmoen, Reinhagalia, Tverråmarka og Nord- og Sør-Rana allmenningar i 1905.

S. er truleg rydda frå 1737, då det i juli vart gjevi ryddeløyve på «StorBierkmoen». Skyldsett i 1756. Alltid eitt bruk. Fraflytta i 1950-åra, men husa står (1961).

Innmarka. Mest sandjord, men for høgt til årviss korndyrking. Åkrar: Bjørnåkera, Bursåkern, Fjøsåkern, Langåkern, Maleneåkern, Nylandåkem, Stuåkern og Vesterhølet. Engar på nordsida av elva og. Skog. Brenneved nok (bjørk), men ikkje tømmerskog. Bra utbyte av jakt og fiske.

Kvern hadde B. alt i 1774, då garden hadde 4 sk kvernskatt.

Husmannsplass, l 1860-åra var det ein plass på Granneset ved Langsela i elva, aust for Auster Tverråga.

Jordvidde og husdyr siste åra: Vi mål åker, 3 mål dyrka og 60 mål natureng, 1700 mål bjørkeskog, l-2 kyr og 2-3 sauer.

Matrikkelgarden Bjerkmoen, gnr. 9.

Skyldsett 17/7 1756 for 9 mark fisk; matr.nr. 249. I 1756 var «jordmalmen rød, houget og bakket, fuld med steen og berg-lændet, temmelig england, misvekst formedelst myrenes vaadhet.» Tungvunnen. «Ond og meget besværlig» sjøveg, l mil. Kunne fø 1 hest, 6-7 naut og 10 småfe, men meir enn ei tønne korn kunne ikkje såast. Ingen fare for frost. 1803: Fjellgard, ringe jordbotn. Skog til tømmer og brenne. 1838: Mnr. 155 Inr. 297, skyld: l ort 23 sk. 1865: 2 mål åker, sandjord, til dels fuktig, 150 mål mindre godt england, god hamnegang, for lite skog. Frostlendt og ligg så høgt «at kornet meget sjelden modnes». 1891: Gnr. 9, skyld: 61 skyldøre.
 

Buskap og utsæd (i tønner).

 

Hestar

Storfe

Sauer

Geiter

Bygg

Poteter

1845

1

5

6

3

½

½

1865

1

5

0

0

0

1

I 1865 hadde dessutan husmannsplassen (kalla Lien) l ku, l sau, 2 geiter og sådde l tønne poteter.

 

Folketal.

1801: 5 husbondsfolk, 1865: 8 husbondsfolk og 6 husmannsfolk.

 

Eigarar.

Bjerkmoen vart rydda i allmenningen og var ein del av rydningsgodset (sjå s. 149), som Jacob Coldevin seide til staten i 1888. Staten seide til brukaren i 1905.