Øverdal

| 1-50 | 51- 95 | 96-147 |

Gnr-06

| A-D | E-H | I-L | M-R | S-Å |

Historie Brukere Bilder Rettelse av bok Kontaktsperson

 

Historie

Øverdal ligg 90-100 m o.h. på ein brei rygg som hallar slakt ned på begge sider, mellom Dalselva i sør og Hattåkerdalen i nord, vestover frå foten av fjellknausen Hatten, oml. 3 km frå sjøen. 0. er største og på mange måtar beste garden i Dalsgrenda. Sand- og leirjord, god for kom og poteter.
 

Namnet er Øverdal (øv'erda;), på 0, til skilnad frå Dal eller Nerdal. Skriv; «Offuerdall» 1567, 1610 1614, 1637, «Øffuerdall» 1642, 1648, «Øffr. Dal» 1661, «Øfferdall» 1666, «Øfrdal» 1674, «Øfre Dahl» 1723, «Øwerdall» 1748 og vanleg «Øverdal» frå siste halvdelen av 1700-talet.
 

Grensa i sør mot Kjelddal og Fagermoen er Dalselva. Grensa i vest mot gnr. 11 Hjelmdal går beint ned i lia frå Veten over Pørahågan og Håkamolia til Greistokken og ned i  Dalselva. Skoggrensa og bumarkgrensa fell ikkje heilt såman, då Hjelmdal skal ha fått ein skogteig i Øverdalsmarka. Det gjekk slik til at 0. hogg der utan løyve. Ein gong kom Coldevin til 0., såg veddungen og spurde kven som hadde hoggi. 0.-mannen sa det var Hjelmdalsmannen. C. sa «A ja, det er gode grannar», og H. fekk teigen.  Skoggrensa vart fastsett 29/8 1829. Om austgrensa mot gnr. 8 Hølbekkmoen sjå der. Etter at bnr. 4 Kjelddalsenget og bnr. 5 (Nedre) Bjerklia vart utskilde i 1883 går austgrensa for sjølve 0. i Skardet, frå Lapp-Andershåjen i vest, etter alfarvegen til Skardhåjen, så i nord til Almliklubben og øvst etter Bufjellbekken heilt til Fjellkjølen, som er grense i nord mot gnr. 17 Hauknes. Heile gardsr området er på over 4200 mål, av det oml. 700 på Bjerklia og Kjelddalsenget. 0. er truleg eldste garden i Dalsgrenda etter Nerdal og kan vere rydda i mellomalderen. Nemnd frå 1567, då 0. bet. ½ våg fisk i leidang (Nerdal då l pund).
 

Bruk. Tre bruk alt i 1610, så garden var då av dei største i Nord-Rana. To bruk 1625-26, tre att 1627-32, men 1632-77 hadde Adrian Jakobsa Neppelberg heile 0. Frå 1680 til ikr. 1709 var det to jamstore bruk og frå 1709 til 1850-åra var det tre bruk, eitt på l vågs skyld og to på Vs våg kvar. Det største bruket hadde husa inst, lengst aust i tunrekka og vart kalla Hattåkern eller Bortistua. Vestafor låg bnr. 2 Midtistua og lengst vest (ytst) bnr. 3 Utistua. l 1850-åra vart det største bruket delt mellom to brør, som bygde hus kvar for seg i same tunet, men dreiv jorda i lag. Etter jordskiftet 1889 og skylddeling 1891 vart Hattåkern delt for godt. Husa på den eine halvparten, bnr. L vart flytta vest og ned på Vollen og fekk det namnet, medan husa på andre halvparten vart ståande og vart bnr. 6 Hattåkern. Bnr. 2 og 3 står som før. Den gamle gardsvegen til Dalsgrendfjellet gjekk langs tunrekka. Forutan rydningsplassane Bjerklia og Kjelddalsenget oppå fjellet er det i nyare tid utskilt ei rekke småpartar, både vest og aust for gardsbruka, og nokre bruksnummer som er fossar og vassrettar i elva.
 

Innmarka var teigbytt før 1889-90. Bnr. l hadde 7 åkrar og 3 andre heimeteigar, som stort sett låg i aust. Bnr. 2 og 3 hadde 4-6 åkrar og 4-5 andre heimeteigar kvar, og dei låg meir om kvarandre. Etter jordskiftet har kvart bruk ein heimeteig, bnr. l på Vollen lengst vest, så bnr. 3, bnr. 2 og lengst aust, sør for Hatten bnr. 6.
 

Utmarka. Bumarka er sams for alle bruka, men ikkje med dei på fjellet. Skogen og utengane vart utskifta 29/8, ti. 6/10 1829, slik at kvart bruk fekk 4-5 teigar med både skog og eng i dei fleste. Mange utengar, m.a. Slåtten ved elva aust for garden, og i eldre tid, før dei vart rydda, var Bjerklia og Kjelddalsenget (må først ha hørt til Kjelddal eller ha vori brukt av ein derifra) utengar til Øverdal. Dei tre brukarane her fekk 5/7 1762 bygselbrev på engslåtten Bjerklia, mot at kvar svara l ort dansk i gresleige for året. Garden Hølbekkmoen het Bjerklienget før han vart rydda og vart rekna for å ligge under 0 heilt til han vart skyldsett i 1838.

 

Kvernar. Alt i 1623 hadde Ø. to kvernar. I 1723 var det berre ei lita bekkekvern, men i 1774 og seinare hadde bruka kvar si. Bnr. l bet. 16 sk. og dei to andre 8 sk. kvernskatt kvar i 1774. Kverna på bnr. 3 var «øde» 1786-87 og den på bnr. 2 i 1792. Kvernene stod i Mølnforsen (og kalla Sagforsen). Dei er no tekne av flaum.
 

Sager. Bnr. 2 og 3 hadde ei tid på 1800-talet kvar si sag i Sagforsen i elva. Seinare hadde dei ei sag i hop alle såman. Dei fortel at Viktor Øverdal (på bnr. 2) hadde to gamle, tjukke biblar, som han nytta til underlag for akslingen på ei sag.
 

Naust hadde Ø. ved sjøen i Forseng-stranda mellom Fomeset og Erikheimet. Bnr. l hadde det eine. stornaustet, med rom til to fembøringar, og bnr. 3 det andre. Bnr. 2 var frå 1880-åra såman med bnr. l på Stien om eit naust der.
 

Husmannsplassar. Husmenn er nemnt i 1620, 1633, 1645-46 og ein strandsittar i 1681. I 1666 er nemnd ein mann i «Øfjrdalslien», kan hende Bjerklia. I 1791 var det ein husmann. I nyare tid har det vori 3 husmannsplassar her, Hatten, Slåtten og Moen. Hatten under bnr. 2 var ein svært ring plass, som låg oppi bergknausen med same namnet, i ei bratt li. Var i bruk ikr. 1860-70.
 

Slatten aust ved elva var i bruk frå 1830-åra under bnr. l og 6. Småbruk, bnr. 38 frå 1927. Moen under bnr. l og 6 er ein nyare plass. Småbruk, bnr. 35 Hattmo, frå 1919. Jordvldde og husdyr i dag: Bnr. l: 5-6 mål åker, 50 mål dyrka og 25 mål nateng, 200 mål utslåttar, 350 mål skog, l hest, 3-4 kyr, 8-10 sauer, nokre høns. Bnr. 2: 2-3 mål åker, 40-50 mål dyrka eng, 50 mål skog, l hest, 3-4 kyr. Bnr. 3: 4-5 mål åker, 40-50 mål dyrka og 10 mål nat.eng, 10 mål utsl., 60 mål skog, hest, 4 kyr, 10-12 sauer, 10-12 høns. Bnr. 6: 2 mål åker, 50 mål dyrka og litt nateng, ingen husdyr. Småbruka: l-2 mål åker og 15-20 mål dyrka eng, l hest, 2-3 kyr og 3-4 sauer kvar. Dei fleste småbrukarane arbeider i industrien.

 

Matrikkelgarden Øverdal, gnr. 6.
 

Gl. matr.nr. 94, skyld: 2 våger fisk. 7723; Skrinn jord, temmelig til korn, men tungvunnen. Skog til husebord og brennefang. 1803: Tørr og skrinn jordbotn, skog til brenne og husebord, ingenting til sal. Utsæd 14 tn., avling 28 tn. korn, kunne fø 36 «creaturer». 1838: Matr.nr. 152, Inr. 294 a-c, skyld: 2 dal. 4 ort 16 sk. 1865: Bnr. l: 31 mål, bnr. 2 og 3: 24 mål åker kvar, tils. 79 mål åker, «sandig» jord på leirbotn. I alt 1600 mål england på leir- og sandjord. Nokre mål til dyrking. Temmelig god hamnegang. Garden var noko tungbrukt og bnr. L hadde «spredte jorder». Bnr. l kunne selje litt tømmer, men «neppe af betydning», og bnr. 2 og 3 «neppe uden skade for skoven». Vassfall til sag- og mølnbruk. 1891: Gnr. 6, skyld: 14,40 skyldmark.

 

Buskap og utsæd (i tønner).

 

Hestar

Storfe

Sauer

Geiter

Rug

Bygg

Bl.k

Havre

Poteter

1723

4

27

28

½

0

9

9

0

1845

4

25

35

1

1

6

2

12

1865

4

39

33

0

0

0

34

 

Buskap og utsæd bruksvis i 1865.

 

Hestar

Storfe

Sauer

Bygg

Havre

Poteter

Hattåkern

2

11

8

¾

12

Pl. Slåtten

0

3

2

¼

½

2

Midtistuen

1

7

8

¾

8

Pl. Hatten

0

2

2

¼

0

2

Utistuen

1

7

10

2

6

Kjeldalsenget

1

5

1

0

2

Bjerklia

1

5

2

0

2

 

Folketal.

 

Husbondsfolk

Kårfolk

Kårfolksborn

Tenarar

Husmannsfolk

Innerstar

1801

18

4

0

8

0

5

1865

21

2

2

8

16

8

Dei 5 innerstane i 1801 var lappefolk, som delvis var fellmakarar. Ein av innerstane i 1865 var

legdslem. I 1865 budde 5 av husmannsfolka og 2 av innerstane i Kjelddalsenget og 3 av husmannsfolka, l av tenarane og 5 av innerstane i Bjerldia. I 1666 var det ein mann (brukar), ein tenår og ein strandsittar på 0. og ein mann i «Øffrdalslien».  I 1701 to brukarar, tre søner (den eldste 20 år) og to vaksne drenger.

 

Eigarar.

Før 1632 var Øverdal «odelsgard», men det er uvisst om brukarane var sjølveigarar. Det tyder vel helst at garden hørte til andre privatfolk. Oml. 1632-77 var Adrian Jakobsa (Falk) Neppelberg eigar og brukar, men han hadde vel for det meste folk her til å drive garden, for han var samstundes skipper og brukar på Neppelberg i Nesna (då i Rana). Ikring 1677-78 var Lars Christensen, rådmann «udi Bergen», eigar og bet. odelsskatt, men frå 1678 var Tønder på Dønnes eigar, og sidan var Ø. Dønnes-gods heilt til Hans Coldevin seide til brukarane i 1911-24, for i alt 13 700 kr. Bnr. l og 3 vart seide i 1911 for 2100 kr. og 2300 kr., bnr. 2 i 1912 for 2300 kr., bnr. 6 i 1919 for 4000 kr., bnr. 4 Kjelddalsmget og bnr. 5 Bjerklia i 1923 for 1000 kr. kvar og bnr. 35 Hattmo i 1919 1000 kr. I 1894 var kvart av dei 4 hovudbruka taksert for 2500 kr. Bjerklia og Kjelddalsenget vart ikkje takserte då.

 

Kjelddalsenget

Gnr. 6 bnr. 4 Kjelddalsenget (Øvre Bjerklia).
 

Kjelddalsenget (kjell'darsengje) eller Øvre Bjerklia ligg i øvre Dalsgrenda, 350 m o. h., 500 m vest for Hølbekkmoen, 800 m nord for Dalselva og mest SVs km aust for Øverdalsgarden. Var utenge under bnr. l Hattåkern før plassen her vart rydda i 1830-åra. Øverdalsbrukarane fekk bygselbrev på engslåtten Bjerklia 5/7 1762. Om buskap, utsæd og folketal sjå foran u. Øverdal. Vart rekna som husmannsplass til K. vart skyldsett 29/8, ti. 18/9 1883. Årsavgift i 1870-åra var l spd, frå 1875 kr. 4. Grensene vart fastsette i 1883. Om grensa i aust sjå gnr. 8 Hølbekkmoen. Grensa i vest mot (Ner-) Bjerklia gjekk frå Hølbekken i vest etter den gamle alfarvegen til stein på Lapp-Anders-håjen, så mot nordaust på nordaustsida av husa i Bjerklia, under Rørvollia og vidare i nordaust til fjellkjølen, som er grense mot gnr. 17 Hauknes. Hamnegang for seg.
 

Jordvidde og husdyr i dag: l mål åker, 2 mål dyrka og vel 50 mål natureng, 200 mål skog, l ku og elles lite husdyr. For nokre år sidan 4-5 og 3-4 sauer

 

Bjerklia

Gnr. 6 bnr. 5 Bjerklia (Nedre Bjerklia).
 

Bjerklia (bjærk'lia) el. Nedre B. ligg 323 m o.h., 2'/2 tan aust for Øverdal, 800 m nord for elva og oml. 700 m vest for den litt eldre rydningsplassen Kjelddalsenget. Var utenge under bnr. 2 Midtistua, Øverdal, før plassen vart rydda i 1840-iåra. Sjå Øverdal. Rekna som husmannsplass til B. vart skyldsett 29/8, ti. 18/9 1883. Om austgrensa sjå Kjelddalsenget og om vestgrensa sjå Øverdal. B. hadde dertil eit fjellenge Djupkista i området til Kjelddalsenget. Hamnegang for seg sjølv. Årsavgift til Coldevin i 1870-åra l spd, frå 1875 kr. 4.
 

Jordvidde og husdyr i dag: l mål åker, 8-10 mål dyrka og 15-20 mål nat.-eng, 200 mål skog, l hest og 2-3 kyr.